Rallaren og Djevelens tunnel

Rallaren og Djevelens tunnel

420 NOK
Erling M. Nesbø si andre bok. Her møter me ungguten Ulf Johannes Solbakken, som bryt opp frå husmannsplassen i bygda i Lustrafjorden for å få seg "knog" på Bergensbanen. Han skildrar rallaren sin tøffe kvardag og blodslit på høgfjellet med livet som innsats. Drivkrafta ligg i det gode samhaldet og stoltheita, samt jaget etter gode akkordar.
Les mer...

    Støtt bevaringen av Norsk jernbanehistorie!

    Beskrivelse

    Artikkelnr.: djevelenstunnel

    "Rallaren og Djevelens tunnel" (2023) er Erling M. Nesbø si andre bok. Her møter me ungguten Ulf Johannes Solbakken, som bryt opp frå husmannsplassen i bygda i Lustrafjorden for å få seg "knog" på Bergensbanen. I boka skildrar forfattaren rallaren sin tøffe kvardag og blodslit på høgfjellet med livet som innsats. Drivkrafta ligg i det gode samhaldet og stoltheita, samt jaget etter gode akkordar. Den segnomsuste Gjert Kårdal, fjellførar Norges statsbaner, kjentmann og reinsjeger, har ei sentral rolle i boka. Ulf lærer mykje av denne fjellmannen og ser opp til han, til liks med forfattaren sjølv. Livet på fjellet vert skildra som eit liv i fridom. Naturen, ubeskriveleg vakker og storstilt. Ulf har funne sin plass i livet. Men tøffe hendingar brenn seg inn i eit ungt sinn. Døde og ulykker jagar bak han, som ein djevel i ein tunnel full av borestøv og dynamittladd, -Djevelens tunnel... Benytt sjansen å få denne unike boka trykket i lavt opplag
    Tilbake til toppen